Litt meir om meg kan du finne:

https://www.dagensmedisin.no/artikler/2019/04/24/vi-treng-ein-anna-veg-vidare/

Eg deler lenke til den siste artikkelen eg hadde i Dagens Medisin. Ellers så kan du finne fleire artikler av meg der, og i Nasjonalt senter for Erfaringskompetanse: erfaringskompetanse.no. På begge stadane kan du gå på søkefeltet og søke: Eidsvik.

Noko er gammalt, og noko nyare. Eg håper at eg over tid har blitt ei tydligare og klarare stemme for oss som har tvangserfaring eller som er overlevere. NB: Det er viktig for meg å understreke at vi ALDRI har vore «brukere». Vi kan ikkje vere «brukere» av tvang, vi blir brukt tvang på, personalet er brukere av tvang….

Første «stuntet» eg gjorde var allerede i 1990 i høve til mine opplevinger i psykiatrien. Det ligg på Erfaringskompetanse.no i form av ein film. (Nederst i eit intervju der eg forteller om at eg må ha terapi etter behandling) I filmen blir eg intervjua av ein student ved Medialinja i Volda. Eg var berre 24 år, men eg tenker i dag at eg hadde ei grei framstilling av mi oppleving. Eg var nøktern. Det eg forteller om hende i 1989, og det er faktisk det året mi største iatrogene traume vart påført meg…. Og som har blitt retraumatisert ved kvar innleggelse, bortsett frå i Helse Nord/Tromsø i 1994. Det skal eg fortelle meir om etterkvart.

Eg vil skrive meir om mine indre og ytre opplevinger, men no i Mai er det ganske mykje som skjer! Men får eg ånda over meg så ligg det plutselig eit innlegg ute.

Ønsker dokke alle ein fin Mai måned!

 

The Silver Bear

Eit underlig navn på ein blogg av ei norsk kvinne på 54 år. Eg hadde kanskje hatt fleire følgere om eg brukte mitt eige navn? Jaja, men no er ikkje poenget mitt å få så mange følgere, Men å ta vare på undringa, og å prøve å beskrive litt av det psykiaterane klassifiserer som psykose, bipolar lidelse og andre diagnoser. Eg har heile 7-8 diagnoser frå psykiatrien. Men dei har aldri utreda meg, aldri spurt meg kven eg er. Dei har sett på symptoma mine, som om eg skulle vore ein sirkusartist i ei forestilling. Eit objekt. Vurdert meg og bestemt seg for kva diagnose som passer. Det er nok derfor eg har så mange diagnoser og; -eg har møtt mange ulike psykiatere frå mange nasjoner over ei periode på 30 år. Psykiatri er ein lite presis kunnskap, og vi pasientene er ofte prisgitt psykiatere med eit biomedisinsk kunnskapssyn, basert på naturvitenskap, på sjukdomsmodellen.

Ei Dame som meg kjem då til kort…. Eg trur på den gode relasjonen som redskap og forståelsen som metode. Behandling i form av samtaleterapi med psykiatere har eg aldri fått, dei har gitt meg tvangsmedisinering og isolat. Eg har kjøpt privat behandling i etterkant av innleggelsane av dyktige psykologer. Kosta på meg utdanning som traumeterapeut. (Som student var kravet at vi måtte gå i eigen terapi, noko eg hadde behov for.) Eg er traumatisert av tvangsmedisinering og isolat. Dei 7-8 diagnosene frå psykiatrien har eg ikkje eit forhold til. PTSD (Post traumatisk stress disorder/lidelse) er ein konsekvens av behandlinga eg har fått. Den diagnosa er gitt av psykolog på utsida, og den kan eg relatere meg til. Men det kunne dessverre ikkje psykiaterane eg møtte i 2014 og 16. Eg forsøkte å drøfte min PTSD med dei. Overlegen lova meg at om eg vart innlagt igjen, så vil eg bli møtt med sprøyter/tvangsmedisinering/isolat –og med trussel om belteseng. (Alt dette opplevde eg i 2016, i tre måneder) Overlegen trur ikkje på min PTSD. Dette gjer at eg mest trulig aldri vil kunne slappe heilt av i livet mitt. Eg er i konstant beredskap. -Fordi eg er så redd sprøytene med Nevroleptika: Eg trur eg skal døy for kvar sprøyte. –Eg har overlevd mange slike dødsøyeblikk. Overmedisinering er grusomt vondt, noko eg har vore utsett for tre gonger i livet. I tillegg gjer Nevroleptikaen at eg mister meg sjølv. Eg har bråsepponert/kutta ut medisin kvar gong dei slepper meg ut. Eg veit då at eg må ha minst seks måneder med ro, for å finne tilbake til meg sjølv….

Nevroleptika er rottegift både for hjerne og kropp… Når min PTSD blomstrar og eg er i beredskap, kan eg bli ukritisk og irrasjonell. Men eg er først og fremst veldig, veldig redd. Eg er då i overlevelse, ikkje i mine sunne deler. (Jamf. FIG. 1 Franz Ruppert, IoPT, du kan søke opp IoPT.no for å lese meir om dette.) Rasjonelle meg, veit at dei ikkje vil drepe meg no. Men når først politiet kjem, deretter sprøytene hjelper ikkje det. Eg blir desperat, eg får dødsangst. Eg blir retraumatisert. Frå 1989 har eg samalikna mine traumer/mitt reaksjonsmønster med det eg har møtt hos FN-Veteraner/Krigsskadde. –Vi sender ikkje ein FN-Veteran tilbake til krigen for at vedkomande skal bli fri for sin PTSD?

-Men tilbake til poenget i dag: Kvifor kaller eg bloggen min The Silver Bear? Ja det er ei historie som skaper undring i meg. Eg var innlagt i 1988 og 89. Då vart grunnlaget for min PTSD lagt. Hausten 1990 kom ein person til meg og fortalde meg at eg burde lære å Gande. Det hadde vedkomande blitt fortalt frå den gamle i si familie. Å Gande er ifølge det store internettet å sette vondt på ein annen. Dette er ikkje noko ein skal/bør gjere. Eg fekk lære korleis. Eg fekk og lære å ha respekt for Ganden. Eg har Ganda ein gong i livet for å berge livet. Takk til den slekta som lærte meg.

I 1991 vart eg på ny innlagt i den lukka psykiatrien. Eg møtte den psykiateren som ødela meg i 1988/89. Han var for meg ein farlig mann, -ein slange….. Han hadde smale stikkande auger, og ut frå min forståelse, ingen empati. Eg var livredd. Han var igjen min behandler. Ein dag kom han ilag med overlegen og oversjukepleier gående gjennom korridoren i avdelinga. Eg kom gående imot. Då Ganda eg han. Eg avslutta med orda: MI KRAFT OG MIN STYRKE HAR EG FRÅ SVARTA BJØRN. Eg kjente på krafta til Svarta Bjørn. Men eg hadde då ikkje noko forhold til henne… Eg forsto ikkje kvifor eg avslutta slik. Like etter gandinga fekk eg ny psykiater. Den nye, ilag med psykiaterane eg møtte i Tromsø i 1994 har gjort at eg har våga å leve til tross for at norsk psykiatri er farlig. Takk.

Mange år seinare deltok eg på eit introkurs i slektsgransking. Dette var i 2013. Min farfar har ikkje mi familie hatt kontakt med. Eg visste i 1991 at han var frå Sortland, eg kjente til navnet og kor han hadde bodd som voksen. Eg valgte han som objekt for mi gransking på introkurset, då resten av slekta er rimelig granska på begge sider… Eg fant ut at han var fødd i Gällivare, Malmberget i Sverige –samtidig som Svarta Bjørn var der…. Han vokste opp med sin onkel på Sortland. Eg tok kontakt med ein lokal historiker på Sortland. Eg leste lokalhistorie derfrå, og eg fann bilde av onkelen til farfar og eg fann informasjon om slekta. Min far fekk denne informasjonen før han døde. Lokalhistorikeren fortalde meg at hans far visste kven Svarta Bjørn var, men han hadde dessverre aldri spurt sin far om dette.

For meg er dette underlig. Kan mi oldemor vore Svarta Bjørn? Er det feil at det er Anna fra Narvik som er Svarta Bjørn? (Min tanke er at ho ser altfor ung og altfor snill ut. Eg har eit fotografi frå Gällivare av ei kvinne. Det er mest trulig ikkje Anna frå Narvik, men kan det vere mi Oldemor?) -Ein dag vil eg nok reise til Gällivare, for å sjå om eg kan finne fleire spor etter mi oldemor. Og for å forstå det livet ho levde der. Uansett kven ho var, så var ho nok ei sterk, tøff kvinne. Det måtte ho vere for å overleve i det samfunnet som var der, den gong då. Og den arven bere eg med stoltheit. Eg er og ei sterk flott kvinne som har overlevd Norsk Psykiatri frå 1988 til 2016! –Med vitet i behold! Den styrken mi Oldemor måtte ha hatt, den styrken eg har, er grunnen til navnet på min blogg: The Silver Bear. –Og dåpskorset mitt var sølv…

Eg har mange flotte kvinner i slekta. Men denne historia om ”mi” Svarta Bjørn er det lov å undre seg over? Kan vi arve meir enn utsjåande? Kan vi arve historier på eit ubevisst plan? Eit familiemønster vi ikkje visste om? Det eg veit med sikkerheit er at Svarta Bjørn aldri har vore tematisert i mi familie før i 2013, då mellom meg og min far. Nei fuglane veit; eg har lest Jung, Kohut, Lacan, Freud, B. Rekdal og mykje meir for å prøve å forstå… -Men kanskje er det ikkje slik at vi skal forstå alt, kanskje skal vi gi rom for undringa? Akseptere at det ikkje er alt vi kan forklare? Eg liker den tanken. Biologisk naturvitenskaplige retta psykiatere aksepterer ikkje rom for undringa, er mi erfaring. Dei vil Forklare, Diagnostisere og Medisinere meg –uten mi innblanding. -Eg vil undre meg og leite etter svar…. Prøve å finne ein forståelse i meg. Det er mitt liv. Eg har eit humanistisk grunnsyn på mennesket, eg finn det meir spennende! –Og for meg, og mange med meg: mindre farlig! Møt meg som pasient med respekt. Svaret har pasienten, det er i pasienten. Men då må du vere lyttende, vere ein god gartner som sørger for at pasienten kan blomstre…

Takk for at DU leste, god Søndag, god veke!

1989, Den vise kvinna frå Nord.

Denne helga blir det to blogginnlegg. Eg er inspirert til å skrive. Ute er det ruskete, storm og regn.

I 1989 vart eg overført frå Avdeling Sør til C4, begge lukka poster ved ein stor psykiatrisk sentral institusjon i Møre og Romsdal. Dette var ei tyngre avdeling, som mine medpasienter advarte meg mot. Eg fekk høyre at kom eg dit, ville eg ikkje kome ut igjen. Eg var 24 år. Eg kom etterkvart på storskjerminga/isolat på C4.

Den besto av ein stor gang, med pasientrom på eine sida, og ei stue på andre sida av gangen. I gangen var der ikkje andre møbler enn stoler til vaktene/pleierane.  Eg var åleine inne på denne storskjerminga. Rommet mitt var strippa for møbler og bilder. Eg hadde madrass på gulvet og sengetøy. Om natta sat vaktene utanfor døra mi, med foten mot dørbladet, slik at eg ikkje kom meg ut. Det var eit lite vindu i døra, slik at dei kunne observere meg, og eg dei…. For meg er dette isolat, ikkje skjerming.

Om nettene var eg veldig redd. Eg frykta at eg aldri meir skulle få leve livet mitt slik eg ønska. Eg visste ikkje kva planen var, eg forsto ikkje behandlinga eg vart utsett for. Det var då ho kom i meg; Den vise kvinna frå Nord.

Om nettene sat eg på senga, og nynna på Jørn Hoel sin sang ”Har en drøm”

Har en drøm om å komme hjem
Dit ei framtid ennå bor
Har en drøm om å finne frem
Over ei mørklagt jord
Snart stiger sol et sted i øst
og i natt har ingen gitt deg svar
Men det finnes ei fattig trøst
Drømmen du alltid bar

Har en drøm om å høre tel
I en hverdag taus og grå
Har en drøm om at alt æ vil
finne en vei å gå
Snart stiger sol et sted i øst
alt vil være som det en gang va
Men det finnes ei fattig trøst
Drømmen du alltid bar

Et døgn går forbi
Du lever på lånt og kostbar tid
Mens et hjerte slår
og dagan går og går

Har en drøm om et ainna land
og en lengsel øm og stor
Har en drøm som e skrift i sand
Skreven med store ord
Snart stiger sol et sted i øst
Og en verden venter kald og klar
Men det finnes ei fattig trøst
Drømmen du alltid bar

Lalalananana osv…

Snart stiger sol et sted i øst
og i natt har ingen gitt deg svar
Men det finnes ei fattig trøst
Drømmen du alltid bar

Låtskrivere: Trygve Hoff / Svein Gundersen

-Og gråt.  Men sola sto opp i øst, og det kunne eg sjå frå vinduet. Eg byrja derfor å helse til dei vise kvinnene i Øst, i Sør, i Vest og til dei gamle i Nord –med respekt. Eg var ung, men kjente/såg at eg sto i ein tradisjon med vise kvinner.  Og eg var ny i Nord. Dette har fulgt meg kvar gong eg blir aktivert –eller psykotisk som dei biomedisinske herrer beskriver det. Eg kjenner då på ei voldsomme kraft.

-Eg har ikkje vore ein enkel pasient…. Eg har ikkje vore voldelig anna enn i pressa situasjoner: ved tvangsmedisinering. Då kjemper eg for livet mitt.

Men kanskje var det slik at eg måtte finne eit felleskap der det ikkje var ein forståelse? Eg har aldri vore meir åleine og redd enn det eg var på C-4, men heller aldri kjent meg så sterk som disse morgenane når sola sto opp i øst.  -Og eg kunne helse i respekt.  Kanskje måtte eg finne meg eit alter ego for å bere håpet og trua på at eg ville overleve og kome tilbake til livet?

Dette var etter at eg hadde gått i korridoren for flyktningane som eg forteller om i bloggen under. Det var etter at eg hadde fortalt at Nelson Mandela kom til å tale for ei stor folkemengde i Sør-Afrika –Det såg eg i stålaskebegeret på rommet mitt på Avd. Sør. –Og C-4  var etter at eg hadde brukt ei heile natt for å formidle Kuwait krigen… Då sat nattevaktene fjetra på røykerommet og formidla at det var kjempespennende å høyre på meg.  Jaja, ikkje veit eg. Men slik var det og har det vore for meg.  Mandela vart sett fri året etter i februar og Kuwait krigen starta i august 1990.  Eg var innlagt seinvinteren og våren 1989.

Etter storskjerminga var eg ei kort tid inne i avdelinga på C-4, før eg kom på anna skjerming. Dette var påska 1989.  Den påska kan eg dessverre ikkje beskrive så godt. Eg husker berre glimt. Mellom anna at eg sat på golvet to meter frå toalettet å tissa på meg. Eg var overmedisinert og hadde spasmer i heile kroppen. Noko som er svært smertefullt. Eg klarte ikkje å gå. Eg veit frå beskrivelse av besøkende at eg sat i ein stol. Men eg var ikkje kontaktbar. Eg klarte ikkje å prate. Dette pga medisin. Dette kan eg ikkje huske. Det var ein ubeskrivelig vond opplevelse for mine pårørende som besøkte meg.  Dei vart redde. Eg husker at det kom sprøyter også om natta. Ser enda nattsøster for mitt indre i kvit legefrakk og seilerstøvler. Ho sprang mellom bygga. Eg husker det kom inn ein kvinnelig psykiater, eg spurte om dei skulle drepe meg. Då stoppa medisineringa.  ”Min” psykiater som hadde ansvar for medisineringsregimet hadde påskeferie, og takk for det.  Eg er evig takknemlig for at den kvinnelige psykiateren såg meg, og lytta til meg. Kroppen min var på bristepunktet av kva den kunne tåle. Kan huske smerter i hjertet.

Denne påska er hovedårsaka til min PTSD.  Dei klarte nesten å ødelegge meg og min vilje.

Eg har vore tvangsinnlagt nokre gonger i livet. (1988/89 og i 91. I 1994. 2005 og 2007, i 2014 og 2016) Når eg er i overlevelse for å stenge mine traumer ute så kan eg bli aktivert og opptre voldsomt.  Kanskje må eg lage litt støy for å slippe å kjenne på det som er vondt og vanskelig? No har eg tatt utdanning som IoPT terapeut. Og eg forstår at eg må bere meg sjølv på ein anna måte. Eg må jobbe med å stå i mine sunne deler, og ikkje drepe meg sjølv med jobb og anna i overlevelse.

Men det som gjer meg trist er at den ”behandlinga” eg har fått –som eg har gitt dokke eit innblikk i frå 1989 ikkje er spesiell. I 2016 vart dei unge og eg møtt med tvangsmedisinering, isolat, beltelegging. Eg vart rett nok berre trua med beltelegging.  Dei psykiatriske diagnosene beskriver berre symptom eit menneske i krise kan vise. Er det rett å knuse eit menneske i krise med medikament, isolat og beltelegging? For å fjerne symptoma?  Eg har savna å bli sett. At nokon intervjuer meg om meg om mitt liv, for å forsøke å finne årsak til mine symptom.  Eg trur at alt henger samen med alt, og at mine syn/kjensler har rot i mitt virkelige liv, frå generasjonane før meg…. Eller, -på eit forunderlig vis, det som kjem?

Mitt alter ego ”Den vise kvinna frå Nord” har bore meg gjennom dei svartaste nettene, og har vore viktig for meg.  Men er det sjukt?  Eller er det utslag av at eg er kreativ i møte med smerte? At eg var i fare? Er det ein overlevelsesstrategi som har vore nødvendig?  Dei medisinerte viljen min sønder og sammen, men eg fann ei styrke, ei kraft.  Og når eg seinare i livet har blitt aktivert i min PTSD og har vore i høgaste beredskap er det denne viljen/krafta eg kjenner på ved innleggelser. Eg er så redd tvangsmedisinering at eg kan ikkje beskrive den redselen med ord. Då er det trygt å ha den vise kvinna i mitt indre….

God Søndag!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Flyktning krisa 1989

 

I går streika mange ungdommer for klimaet. I 1988, då eg vart innlagt i psykiatrien første gong, var eg sjølv aktiv i høve til klima og fattigdomsproblematikk. Eg hadde lest Brundtland kommisjonen sin rapport (1987), samt ei bok om Nord –Sør konflikten m.m.. Eg og medstudenter skipa til folkemøte i Volda. Dette var eit debatt møte mellom Annette Thommessen i NOAS  (Norsk organisasjon for asylsøkere) og Harald Trefall i FMI (Folkebevegelsen mot innvandring).  Dette vart eit stort møte, og vi vart filma og omtalt i Dagsrevyen.  Eg var student og det ein kan kalle ei politisk bevisst rødstrømpe.

I 1988 vart eg tvangsinnlagt. Eg var inne ei veke rett før jul. Var heime i jula, deretter var eg tvangsinnlagt i tett på 6 måneder.  Eg vart hardt medisinert, og for meg er helvete på jorda der eg var då.

-Men det er ikkje dette eg vil ha fokus på i dag. Eg vil fortelle kva eg såg og fortalde om i høve til flyktningkrisa; i 1989.

Dei biomedisinske sakkunnige beskriver mine syn og mine kjensler som psykose. Eg veit ikkje korleis eg skal beskrive det, men eg ser i bilder,  -og eg prater ut frå bilder og kjensler når eg er aktivert.  Syna mine kan fare vide, men eg er bevisst på kvar eg er. Eg veit at eg er innesperra bak tjukke murer og bak låste dører.  Nokre gonger har eg tenkt at eg kanskje fekk sjå så mykje på kort tid at eg vart overvelda og redde? Særskilt i 1989, eg var ung.  Men om det er slik, kvar kjem då dette ifrå? Eg vil gjerne skjermast når eg er aktivert –Eg ønsker då ro, -Få rom til å prate/skrive frå meg -Og eg trenger hjelp til å sove.  Eg har aldri hatt og kjem aldri til å få nytte av nevroleptika.  Nevroleptika dreper meg og kreativiteten min.  Nevroleptika stenger meg inne, og då finn eg ikkje vegen tilbake til livet.

I 1989 gjekk eg fram og tilbake i korridoren på lukket avdeling, i fleire døgn. Eg hadde på meg ein kvite sko, og ein svart sko for dei fattige i verda.  Eg formidla at eg gjekk på ei grense mellom nord og sør. Eg såg mennesker kome i hopetall mot oss i nord og vest, frå sør og øst.  Eg sa at dei kom over land og over sjø. Eg såg dei som ei bølge med mennesker i sjøen og på land.  Eg snakka om katastrofe. Eg fortalde at eg kjente på sinnet dei bar, som dei har bore i generasjoner. Eg fortalde at dei er sinte på oss og vår velstand, medan dei er utarma og svoltne.  Eg viste til Brundtland kommisjonen sin rapport som handla både om klima og om fattigdomsproblematikk.  Eg sa vi måtte handle. Men det er syna eg hadde og kjenslene eg kjende som aldri har forsvunne for meg. For meg var det ei tung bør, og på ramme alvor.  -Men eg var innesperra og pr. definisjon gal.

Dette er berre eit eksempel frå mi rikholdige imaginære skattekiste. Eg vil dele meir, eg har mange eksempel som kan knyttast til ei virkeligheit som kom, eller som har vore –som eg ikkje kjente til.

Korleis kan dette skje? Er det telepati? På denne tida var eg på ein stor sentralinstitusjon der mange hadde bodd i fleire tiår. Svært mange av dei var interessante mennesker med mykje kunnskap. Vi var samla på eit lite område. Sjølv leste eg Jung, Sartre, Nietzsche –og Kafka prosessen for å prøve å forstå medan eg var innlagt. Eg prøvde forøvrig å lufte teorien min om telepati med psykiateren min: Han lurte på om eg såg om han hadde antenner –før han medisinerte meg nesten sønder og sammen.

-Eller kan ein vere sensitiv og fange opp tidligare og komande hendinger? Og er dette sjukdom slik det biomedisinske hegemoniet forstår det? Eller er det naturlig?

Er det farlig, skadelig? Det er som å drøyme i våken tilstand. Å drøyme er ikkje farlig…. Men det er vanskelig å forstå.  Og det passer ikkje inn i ei naturvitenskapelig biomedisinsk årsaksforklaring.  Ei forklaring som er tufta på ein patriarkalsk medisinsk tilnærming til mennesket i psykiatrien -mennesket i krise.  Men det er kanskje bedre å bli tvangsmedisinert å dø sakte versus å bli brent på bålet?

Blir vi som pasienter pressa lenger inn i denne drøymetilværelsen (”psykosa”) fordi isolat, tvangsmedisinering og beltelegging gjer vondt? Kva med å møte oss med undring? Med respekt for vår subjektive verden? Kanskje har vår verden eit spor ein kan følge til det virkelige livet til pasienten:

Historia mi om flyktningkrisa frå 1989, dei sterke bilda eg såg og kjenslene eg hadde, kan ha samanheng med at eg i 1987/88 var aktiv i høve til flyktninger/asylsøkere og opptatt av Brundtland sitt arbeid? -Akkurat slik vi alle kan drøyme om ubearbeida hendelser om natta frå dagen før?  Det eg etterlyser er undringa? Ikkje alle passer inn i prosedyrer eller skjema.  Eg har forøvrig mange diagnoser frå psykiatrien, men eg har aldri blitt utreda….  Eg er uansett berre meg, eg lever eit godt medikamentfritt liv.

Tirsdag skal eg på Dametur til Barcelona!

PS: Kanskje er det slik at politikarane og vi skal leite opp att kunnskapen til Brundtland kommisjonen frå 1987 og handle??? -Vi kan ikkje seie at vi ikkje har visst?  Det går sørgelig seint.  Hellas drukner i flykninger (Mennesker på flukt) og her sitter vi i våre trygge heimar på nisseberget lengst mot nord.

 

 

 

Agenda:

Hei! Eg starter denne bloggen fordi eg ønsker å dele mine tanker.  Primært tanker om det som blir diagnostisert som psykose.  Eg er pasientaktivist i andre fora. Eg har vore tvangsmedisinert i så stor grad at eg holdt på å dø, og min vilje har nesten blitt tatt frå meg. Eg har tvangserfaring over ei periode på 30 år.

Men eg lever, og eg har hatt eit rikt liv!

Eg trur ikkje på den biomedisinske sjukdomsmodellen. Eg trur på at symptom ein viser  har ei årsak. Og at alle kan vise symptom dersom den subjektive opplevinga av livet blir for overveldande. For meg er symptoma ein mestringsstrategi.

I foredrag til studenter kaller eg mine opplevinger for min imaginære skatt. Og det er denne skatten og mine tanker om dette eg vil forsøke å formidle her.

Kvifor navnet The Silver Bear? Det kan vise til hårfagen min… I 1991 Ganna eg psykiateren min, eg avslutta då med orda: ”Min kraft og min styrke kjem frå mi Oldemor Svarta Bjørn.” Kanskje er det slik? Eg skal kome tilbake til dette, men eg ønsker å åpne opp for undringa i denne bloggen.

I andre fora kan eg drøfte ut frå min fagkunnskap og relasjonskompetanse i møte med mennesker gjennom eit langt arbeidsliv. Eg kan finne støtte for mine tanker hos professorer og andre.  Og mange er dei som har gitt meg styrke. Men her vil eg stå for meg sjølv i undringa. Uten at dei store trea skal kaste skygge på meg!