Psykiatrien i Tromsø 1994 versus Møre og Romsdal 2016:

Eg har ei bok som heiter ”Dødlig psykiatri og organisert fornektelse” av Peter C. Gøtzsche. Og ei anna som heiter ”Dødelig terapi, innsikt til utsikt” av Ellen Kolsrud Finnøy. Eg anbefaler begge bøkene!

I tillegg har eg mange bøker som gir innsikt i høve til barn og barn sine behov frå tida i mors mage, identitetsdanning, tilknytning m.v.

Det er dette som er faget mitt. Og eg finner ein verdi i å gå i samtale med pasienter der vi reflekterer rundt traumebiografien til den enkelte. Det er viktig for meg at det ikkje er min forståelse som er sanninga. Det er den andre som skal finne gjenklang og finne veg til endring… Dette er ein prosess i den andre, som må få tid.

Min opplevelse i psykose var at identiteten min vart utrygg.  Eg holdt fast på navnet mitt, slik at dei fleste som var innom avdelinga fekk med seg det.  Navnet var eg trygg på.  Men ellers så var det lite som var trygt inne i den lukka psykiatrien og i meg sjølv. Rammene mellom meg og omgivelsane var på eit vis viska ut? Eg visste kvar eg var reint fysisk, men syna og kjenslene mine for vide. Kan det vere slik at omgivelsane eg var i for meg er så skremande at eg reiste lenger inn i mitt indre eksil? Lenger ut i syna og kjenslene?

Kan tvangspsykiatrien gjere meg meir psykotisk?

Min kortaste innleggelse hadde eg i Tromsø i 1994. Eg var då inne i 20 dager. Eg vart møtt med det som den gongen vart kalla Reflekterende team. Psykiater kom innom meg daglig og tema var ikkje medikament. Tvert imot; dei såg kor redd eg var sprøyter. Dei iverksette ei tvangsmedisinering etter råd frå psykiatrien i Møre og Romsdal. Dei fatta enkeltvedtak, men stoppa. Dei jobba ut mot familie og kollegaer og fann grunnen til  kvifor eg hadde ein realitetsbrist. Eg fekk ligge i ro på ei god skjerming, ivaretatt av trygge pleiere; I Tromsø var eg ”Gipsy” og låg rundt ”bålet” i ro og reflekterte over livet…. –Eg ville ikkje ligge på rommet første del av oppholdet fordi eg trudde det var laser i lysrøra… -Og dette var heilt ok. Ingen tvang meg tilbake til rommet. Ingen tvang meg tilbake til virkeligheita. Psykiateren var ein kloke mann og han holdt meg oppdatert heile vegen om sine tanker og sine refleksjoner etterkvart som han vart kjent med meg og historia mi ut frå opplysninger dei innhenta. Han normaliserte. Dette er einaste gongen familia mi har blitt involvert av psykiateren. Psykiateren ringte og snakka med dei i over ein time…

20 dager innlagt, og ute i det fri i 11 år i etterkant. Takk Tromsø fordi dokke gav meg håpet, mot og styrke. Den biomedisinske psykiatrien i Møre og Romsdal har ikkje klart å knuse meg.

I 2016 –min siste innleggelse vart eg tvangsmedisinert i tre måneder, då fekk psykologen meg over på frivillig paragraf. -Og eg skreiv meg ut før dei neste sprøytene kom.   Eg fekk Xeplion, fire sprøyter. Samt Orfiril…. Mikstur. ( eg har aldri hatt kramper/epilepsi) Alternativet var sprøyter med Zyprexa.  Denne gongen valgte eg å stå på eigne bein ved kvar tvangsmedisinering. Eg drog ned buksa mi og tok imot sprøytene. Eg veit ikkje kven som var i rommet, kven som sette sprøytene.  Eg hadde tunnelsyn. Men eg orka ikkje å sloss meir. Eg er ei voksa dame! Ved alle tidligare innleggelser har eg blitt lagt ned av fire -fem miljøterapeutisk personale, ein har dratt ned buksa mi og ein har sett sprøytene.  Under denne innleggelsen fekk eg virkelig kjenne på kor redd eg er, kor skada eg er.  Då eg fekk siste sprøytene var eg sikker på at beina ikkje kom til å klare å bere meg. Men som den vesle bjørnen eg er så sto eg, som ein påle! Dette er min PTSD og eg trur eg skal dø når sprøytene kjem.

Siste sprøytene fekk eg etter at eg hadde klaga til Fylkeslegen i høve til tvangsmedisineringa. Eg fekk ikkje medhold som vanlig. Dette til tross for at Fylkeslegen fann meg rolig og realitetsorientert med god innsikt i situasjonen min –samt at eg hadde god oversikt over eiga historie.  Men ut frå dei ”Nasjonale retningslinjene for psykose” så skal/bør pasienter stå på Nevroleptika i 1 til 5 år –og dette var nok Fylkeslegen sitt faglige grunnlag for å ikkje gi meg medhold?  Eg er for øvrig meir enn kritisk til nevnte retningslinjer.

Etter siste sprøytene vart eg sett på isolat. Frå fredag til torsdag. Eg fekk ikkje gå ut av rommet. Døra var ofte lukka og stengt frå utsida ved at vaktene sat framom døra. Dette er svært krenkende og uforståelig for meg. Eg er ikkje voldelig anna enn i tvangsmedisineringssituasjoner. –Men ikkje under dette oppholdet, då eg valgte å dra ned buksa sjølv.  Klart eg var sint –med rette -fordi eg ikkje fekk medhold av Fylkeslegen. Men eg var ikkje voldelig. Eg er snill av natur. Eg kjenner meg tilintetgjort som menneske på isolat, og korleis skal eg bli frisk? Eg som trur på relasjonen som redskap og forståelse som metode? Eg bruker svært mykje energi på isolat for å oppnå kontakt med dei på utsida. Eg blir svært sliten av å vere dyr i bur. Dette er behandlinga vi blir utsett for i psykiatrien. I tillegg så høyrer ein hyl og brøl frå andre, noko som uroer. Ein ser beltesenga og/eller at ungdomen som har rommet vis a vis blir lagt i golvet. Ein høyrer hodedunking frå pasient nr. tre på skjerminga.  Dette gjer meg sliten og redd -for dei unge. Dei har det kanskje verre i dag i den lukka psykiatrien, enn det eg møtte, som ung i 1988.  Mi erfaring frå 2016 var at det var meir tvangsmedisinering, meir beltelegging, meir isolat og ein ECT pasient: ut på båre og inn på båre. Dette skaper redsel.  Det skaper uro i meg, og kva dei unge uerfarne som kjem inn må føle kan eg berre tenke meg til. Eg husker redselen min i 1988.

Etter 6 døgn på isolat uten utgang, fekk eg utgang torsdagen –ein liten tur i hagen. Fredagen vart eg sendt ut på permisjon mot min vilje. Eg var kjempesliten, og hadde eit hovud som overhode ikkje fungerte pga. Nevroleptika.  Eg ba om å få vere i ro på sjukehuset, men det fekk eg ikkje. Eg forsto at eg ikkje kunne reise heim til døtra mi. Eg ville då berre blitt setande å grine –trur eg. Eg hadde ikkje krefter igjen. Eg valgte derfor i samråd med henne å ta inn på hotell i Molde.  Eg fekk rom i femte etasje…. Eg valgte å ikkje hoppe.  Heldigvis. Eg var totalt ødelagt av overlegen, nevroleptika og isolat. Eg gjekk rundt som ein zoombie i byen. Spiste –klarte å gå frå lunsjregninga, men kom heldigvis på det seinare på dag og fekk gjort opp for meg… Og eg sov. Det tok meg seks måneder å restituere meg etter utskriving. Brå seponere har eg gjort nokre gonger no, og eg veit kva eg har behov for i den fasa.  Heldigvis hadde eg hund og kom meg ut. Isolasjon er farlig i den fasa, samstundes som eg har behov for mykje kvile. Psykiater Svein Haugsgjerd seier at å gå gjennom ei psykose er som å gjennomgå eit indre jordskjelv…. Psykosa kan og vere fin, gi næring… -men ein treng tid og rom til å fordøye den.

Det å fri seg frå Nevroleptika er langt verre –er mi erfaring…

Ein liten kuriositet til slutt: I Epikrisa mi står følgende: Pasienten er sterk motstander av psykofarmaka, på grensen til å være vrangforestilt (også når hun er frisk) Jaja, kanskje har min motstand mot Nevroleptika samanheng med at eg holdt på å døy inne i institusjon i 1989? Samt at eg over 30 år har møtt mange pasienter som i dag er døde? -Eller som i dag har ei svært redusert fungering pga. Nevroleptika? Og er mitt engasjement over 30 år ei vrangforestilling? Kven er dommer? Eg håper tvangsmedisineringa psykiatrien utsetter oss for ein dag blir dømt like hardt som lobotomien blir i dag.  Kjemisk Lobotomi v/tvang er forkastelig og den gir iatrogene traumer.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s