Minne….

Juni brev frå Silver Bear!

Då har snart halve Juni gått, og eg har ikkje skreve eit ord! Det har vore hektisk i mai og juni: Eg har vore i Danmark og filma ein av mine store helter Peter C Gøtzsche.. https://vimeo.com/338299977Lytt og gjer dine eigne refleksjoner.

Eg har gjennomført samtaler som IoPT (Identitets orienterende Psykotraume Terapi) student, samt hatt prosesser. Og eg er evig takknemlig for mine øvingsklienter!  6. Juni besto eg eksamen og eg er no Godkjent Traumeterapeut IoPT!!! Er stolt og glad! Eg har gått på videreutdanninga ved Institutt IoPT i Oslo sidan 2017. Det har for meg vore ei gåve. Å få lov å lære og å samstundes gå i eigen terapi er uvurderlig. –For meg. –Og eg er nok av dei som aldri blir ferdig! Eg har no tre utdanninger: Barnevernspedagog, Spesialpedagog m/2. Avd. og Traumeterapeut. -I tillegg har eg veiledning, SEPREP psykiatri, Ledelse/administrasjon og grunnkurs IGA.  Ja, eg er kanskje den evige student, men det er kjekt å lære, kjekt å undre seg…

I tillegg hadde eg forelesning for LIS leger i psykiatri frå heile landet sist veke. Dei hadde samling her i Ålesund. Det var veldig kjekt, men eg bruker tid –og energi på å forberede meg. Fordi LIS legane er for meg framtida, og håpet… -Om ein anna psykiatri. Ein humanistisk psykiatri. Dei er derfor viktige for meg, for oss!

No har eg ferie! Og akkurat no kjennes det veldig godt. Eg og jenta mi reiser på tur Tirsdag, gleder meg til det. Akkurat no er det pakking og heilt trivielle ting som opptek meg.

Den dagen eg holdt forelesning for LIS legane, fekk eg beskjed om at eg hadde bestått eksamen som Traumeterapeut IoPT. Dette får meg til å reflektere tilbake til mai/juni 1989 30 år tilbake… . Psykiateren min frå Hjelset og kommuna der eg var fødd og oppvokst hadde då følgende framtidsvyer for meg: Eg burde søke uføretrygd,  og eg skulle få tildelt kommunal bolig, samt at eg burde ta imot depotsprøyte, Nevroleptika. Der sat eg, på møte -24 år -Og nekta. I dag tenker eg at eg var modig? Eg var redd. Samstundes som eg hadde det heilt klart for meg: Seier eg ja til dette, då tek eg sjølvmord –eller; så blir eg ein sint og forferdelig pasient resten av livet…. Det var som om dei tok frå meg all verdigheit, alt håp i det møtet. Den støtta eg hadde i møtet var psykologen min: Bjarte Rekdal. Lune, gode Rekdal. Han sa at han kunne prøve, at han ville vere der. Og ikkje minst: han støtta meg i å fortsette på studiet eg gjekk: Barnevernspedagogutdanninga. Ja, eg brukte fem år, tre er normalt. Ikkje fordi eg ikkje besto eksamen, men fordi eg vart tvangsinnlagt tre gonger i løpet av utdanninga. Mi lykke var kanskje at eg hadde gått 1,5 år på utdanninga før eg vart innlagt første gong? Første del av andre året hadde vi mykje psykologi, og Rekdal sto for den psykodynamiske tilnærminga. Den har seinare blitt mi retning faglig. Rekdal strekte forståelsen vår –han kom inn på Lacan –og det er enda komplisert for meg…. Akkurat no har eg leita fram boka –”Det umedvitne språket”, av Rekdal -og eg skal bryne meg på den! Eg veit at der er det Gull!

Eg var heldig som var student i Volda då eg vart sjuk. Den humanistiske tradisjonen som er der og var der i fagmiljøet gav meg styrke til å kjempe. Samt at mine foreldre ikkje hadde forutsetninger for å forstå psykiatrien (kven kan ha det? ). Eg trur dei fann ei form for tryggheit i det Volda sto for. Eg har på eit vis to sett foreldre i denne perioda av livet. Mor og far, og i tillegg  MRDH –Volda! Eg veit ikkje om eg hadde klart dette livet uten.

Då eg var ferdig i Volda og hadde fått min eksamen reiste eg til Finnmark. Eg måtte lengst mulig vekk frå psykiatrien i Møre og Romsdal. Mine foreldre lot meg reise, og ja, eg veit dei var bekymra. –Men dei forsto at eg måtte bort. Dei hadde sett meg medisinert til det ugjenkjennelige, uten språk og uten vilje påska 1989. Eg reiste, ein fantastisk tur på Hurtigruta nordover. Og då vi passerte Hammerfest forsto eg strofa: ”Furet værbitt over vannet”.

Eg fungerte godt i jobb nokre år. Men eg var sliten, og trua på meg sjølv og eit liv på utsida låg langt inne… Eg hadde tross alt fått klar beskjed med psykiater og kommune at eg ville ha behov for Nevroleptika resten av livet, og at jobb var altfor ambisiøst. Det einaste eg viste sikkert det var at på Nevroleptika kunne eg ikkje fungere. Då får eg bomull mellom øyrene, og eg klarer ikkje å tenke, ikkje å fungere. Eg fungerte, men eg var usikker og redd.  Då eg mange år seinare feira 50 års dagen min fekk eg opplest diktet :”Kjerringa mot strømmen”

Diktet:
KJERRINGA MOT STRØMMEN

Av André Bjerke.

I denne tid da frihet aktes lite,
kan det for nordmenn være godt å vite

at vi har fostret her på hjemlig mark
en frihetshelgen, større enn Jeanne d’Arc.

Hun var av dem hvis nese det er ben i,
for hun var født prinsipielt uenig.

Hun har – fordi hun var så vrang og vrien –
fått evig plass i folkepoesien.

Og sjelden var en dame som fikk plass i
et eventyr, så eventyrlig trassig!

Hun lot seg ikke engang overmanne
da hun ble holdt med hodet under vannet.

Da var det bare stemmen vannet kvalte.
For hun stakk hånden opp. Og hånden talte!

To fingre dannet klippende en saks.
Så drev hun opp mot strømmen som en laks.

Og over fossen lå hun samme aften
i suveren protest mot tyngdekraften.

Hun holdt på sitt. Hun var den bedre del
av det vi kaller Norges folkesjel.

Hun er vår adel, hun er frihetsdrømmen
hvis norske navn er: Kjerringa mot strømmen.

Hun er av dem jeg gjerne skulle kjenne.
Det beste i oss er i slekt med henne.

Kanskje var det slik eg kjente meg, men eg var enda ung og på usikker grunn? Autonomien min var så grundig trakka på av det tvangsregimet eg hadde opplevd i Norsk helsevesen, at då eg vart gravid valgte eg å ta abort. Dette var i 1993. Eg visste ikkje om eg ville klare dette livet –på utsida. –Og eg viste at på Nevroleptika ville eg aldri klare å ivareta eit barn. Dette til tross for at eg hadde ein trygg jobb, god inntekt og alt låg egentlig til rette for å bli mamma. Dommen frå psykiatrien var hard, og med kva rett gav dei meg den?

Diagnosene beskriver berre symptom, dei seier ingenting om årsak: Eg har det meste av mi erfaring frå Møre og Romsdal der eg har møtt overleger med ei biomedisinsk tilnærming til meg som pasient.

Men i 1994 vart eg lagt inn i Tromsø! Der møtte eg ein anna psykiatri. Dei hadde ei endringsfokusert tilnærming. Dei laga ei grundig sosialanamnese basert på informasjon frå foreldra mine –mor smiler enda når ho minnest telefonen frå overlegen dei prata i  over ein time… Dette er einaste gongen mine pårørende har vore ivaretatt av psykiatrien, dei kontakta og kollegaer, dåverende kjæreste m.fl..

Tom Andersen sitt arbeid med ”Reflekterende team” sto sterkt i Tromsø då, og Jakko Seikkula sitt arbeid i Finland var i sin spede start med ”Åpen dialog”. Eg var heldig som fekk oppleve dette. Eg vart sett som eit subjekt, ikkje som eit objekt.  Tromsø har gitt meg mot og styrke og kanskje evne til å vere litt ”Kjerringa mot strømmen” i høve til psykiatrien og i livet mitt?

I Tromsø fekk eg ligge på skjermingsstua uten taklys. I ro. Uten medisin/sprøyter. Eg trudde det var laser i lysrøra på rommet mitt. Overlegen kom innom meg daglig, og drøfta med meg det arbeidet han gjorde med å innhente opplysninger for å forstå. Eg vart trygg, og sov etterkvart på rommet om natta. Eg var inne i 20 dager, mitt kortaste opphold og deretter ute i 11 år, før ei ny krise slo meg ut. Den var jobbrelatert.

I 1996 vart eg mamma.. Noko eg ikkje hadde våga om ikkje psykiatrien i Tromsø klarte å normalisere at eg hadde komt i krise, og gitt meg håp om eit verdig liv. Eg var 30 år i 1994, eg mista mykje av meg sjølv –og eg valgte bort eit barn, som følge av mitt møte med psykiatrien då eg var 24 år.

Eg har blitt overmedisinert tre gonger, 1989, 2007 og 2014. Det er vondt og veldig skremmende. Eg har sete utallige timer på isolat, ofte over fleire døgn uten utgang, sist i 2016.

Dette er galskap! Gi oss tid, rom og ei god skjerming. –Og ikkje minst HÅP! Dette skreiv eg om i 2014. Søk Eidsvik på Erfaringskompetanse.no ”Medisinfrie Behandlingsalternativer” om du vil lese meir…

Eg har berre brukt den medisinen eg har fått på innsida med tvang, gjennom sprøyter. Eg har på 30 år iallfall 28 medisinfrie år! Eg var ikkje høg i hatten då eg 24 år gammel valgte å gå mot psykiateren sine råd. Men eg hadde gode og vise mennesker på utsida som støtta meg, samt ein livsvilje. Og eg har lært at når eg alltid velger å ta ein ”Cold Turkey” ved utskriving, så tek det meg ca seks måneder før eg er tilbake i meg sjølv uavhengig av lengd på tvangsbehandlinga. Eg må ta det rolig i denne tida, og gjere det eg klarer, ikkje ha høge krav til meg sjølv. Det blir mykje ro. Eg har hatt hund siden 2005 og fram til i fjor. Han var viktig i høve til å kome meg ut på turer… Han var ein god alternativ medisin…

Ønsker deg ei god langhelg, og ein fin sommer.  Håpet om ein humanistisk forståelse av mennesket og i møtet med mennesket -må vi aldri miste! Håpet om ein anna psykiatri.

Den biomedisinske oppdragande og dømande psykiatrien skjer enda….

Inger-Mari

 

 

 

 

2 kommentarer om “Minne….

  1. Du er ein av dei sterkaste eg veit om! Du er verkeleg kjerringa mot straumen! Det kostar, men så får ein så uendeleg mykje att. Kva kunne du gjere, anna enn å motbevise dei «høge herrer, spesialistane»?!? Når nokon kjem med dommedagsprofetiar då har ein to valg: lytte og lyde eller gå imot og bevise noko anna. Du er heldigvis av den sorten som motbevisar, kjempar, viser at dei tek feil. Og derfor er du her i dag, og eg har vore så heldig å verte kjend med deg! Og låne styrke frå deg i min eigen kamp. Eg kjempar ikkje mot legar som du, eg kjempar mot ondskapen og trollet i eventyra. Sola vil sprekke dei, det tek berre litt tid å rydde vekk skyane. Eg ønsker deg og datteren din ein herleg og solrik ferie Inger Mari 😊❤️👍

    Likt av 1 person

    1. Takk kjære du! ❤ -Ja oss skal nyte solrike dager, bade og leike oss! 🙂 Folkeeventyra har forøvrig mykje å fortelle oss… Kanskje psykiatrien har noko å lære av dei! Klem til deg og alle dine ❤
      Inger-Mari

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s