Mamma på tvang!

 

I dag vil eg dele utdrag frå eit foredrag eg har som heiter ”Mamma på tvang”

Eg forteller her om korleis det var for meg i 2016, under min siste innleggelse. Eg beskriver ein helgepermisjon. Kven skulle eg snakka til? Kven skulle eg bedt om hjelp frå? To gonger i livet har eg hatt tanker om at eg ikkje klarer meir, og begge gonger har det vore knytta opp mot den behandlinga psykisk helsevern har gitt meg. Første gong i 1991 då var eg viss på at eg ikkje ville overleve ein innleggelse til etter neddopinga eg overlevde i 1989. Og i 2016.

Lite har endra seg på desse åra, kanskje var det enda tøffere å vere pasient i 2016? Meir tvangsmedisinering, meir beltesenger, meir isolat? Eller kanskje virka det slik fordi det var meir svingdørspasienter? –Mange av dei var unge.

Noko er riv ruskende gale, og så lenge vi har fokus på sjukdomsmodellen, medikament framfor det gode møtet, trygge rammer og omsorg så blir dette ikkje bedre. Erna seier vi må undersøke grunnen til så mange sjølvmord? Møt mennesker med respekt! For meg var det finaste i talen til Maud at ho fekk fram den gode faren! Diamanten vi alle er som mennesker! Normaliteten vi alle er.

Utdrag frå ”Mamma på Tvang:”

”Denne gongen var eg inne i tre måneder. Det var ikkje ein god opplevelse. Då eg kom heim brukte eg tid på å kome til hektene igjen. Svein Haugsgjerd skriv i boka Miljøterapi ved psykoser at –”å gjennomgå ei psykose er som å oppleve eit indre jordskjelv. Det tek tid å restituere seg.” Eg søkte uføretrygd, og trudde ikkje at eg nokon gong ville kome tilbake til arbeidslivet. For jenta mi var det ikkje kjekt. Eg fungerte i høve til hus og heim, men eg var ikkje akkurat lystig og glad. Eg hadde heller ikkje førerkort.

Men gradvis klarte eg å løfte blikket å sjå framover igjen. Og hausten 2016 bestemte eg meg for at dette livet eg då levde var kjedelig. Eg ville meir. Og eg ville og engasjere meg i høve til psykiatriske pasienter sine vilkår. Dette snakka eg gjennom med døtra mi, og ho er enig med meg. Skamma i forhold til psykiatrien er ikkje mi. Eg er i dag i full jobb igjen og eg er engasjert. Og ho er stolt av meg.

Døtra mi seier at etter innleggelser så er det alltid vanskelig fram til vi har vår første krangel. Det er som vi går litt på tå? Men når vi kan krangle då er vi tilbake på normalen… Det høyrest ut som om vi krangler mykje, men det gjer vi altså ikkje. Vi har mykje latter, røff humor og gode samtaler. Og vi klemmer mykje og er nære.

I 2016 fekk eg/måtte eg ta permisjon etter seks dager på isolat uten utgang. Helgaperm. Eg valgte då å ikkje reise heim. Eg var så sliten etter ”behandlinga” at eg visste at eg berre ville blitt sittende heime å grine. Og det ønska eg ikkje at døtra mi skulle oppleve. Eg la meg inn på hotell og fekk rom i 5. Etg. Den helga var eg nokre gonger ut på verandaen og såg ned. Heldigvis valgte eg å leve vidare. Eg er mamma. Eg gjekk rundt som ein zombie i Molde, spiste god mat og sov meg gjennom helga. Dette var etter siste runde med Nevroleptika på tvang under den innleggelsen. Og eg var så vesa i haudet at eg presterte å gå frå regninga då eg på dagen var ute å spiste lunsj! Dette gjer eg vanligvis ikkje… Eg kom på det ut på kvelden, gjekk tilbake, beklaga og betalte… Det var pinlig.

I journalen min står det at eg ikkje er voldelig og at eg er ikkje suicidal. Men eg har fått mine doser med tvangsmedisinering og isolat over ei periode på 30 år. Sikkert nok til å ta livet av ein hest.  Ja, det kan eg faktisk ikkje vite… Men: På utsida av den lukka psykiatrien har eg valgt å leve medisinfri. Eg har sett kva Nevroleptika brukt over tid har gjort med min generasjon pasienter. Og galskapen er at dei Nasjonale retningslinjene ved psykose seier at ein skal bruke Nevroleptika over ei periode på 1 til 5 år i etterkant av psykose.. Eg veit at då ville eg mista meg sjølv.

 

Men eg vart mamma. Eg hadde eit godt grunnlag frå barndomsheimen min, samt frå utdanninga ved barnevern i Volda.  Eg har alltid vore oppteken av dei tre første åra i barn sine liv, og det grunnlaget ein legg då i høve til identitet og tilknytning. Og eg veit at jenta mi har eit godt og trygt fundament. Dette gjer henne forhåpentligvis robust i møte med vansker seinare i livet. Eg trur ikkje ”psykisk sjukdom” er genetisk. Eg trur psykisk krise springer ut frå traumer, som ein overlevelsesstrategi. Diagnoser er for meg berre beskrivelse av symptom, og seier lite om årsaka til krisa den enkelte opplever.

Døtra mi seier at eg alltid har vore flink til å informere henne om viktige ting på rett tidspunkt i riktig alder. På ein god måte. Har ho spurt så har ho fått svar. Ho har ikkje gått rundt å vore redd for at eg skulle bli rar igjen i det daglige. Men ho brukte tid for å flytte heimafrå for å bli student etter den siste runda mi i den lukka psykiatrien i 2016. Dette har vi snakka om, og ho har fått tid. Ho måtte kjenne seg trygg.  Ho måtte vite kven som skulle ivareta meg om eg kom i krise igjen. Det har eg ordna med ei venninde som er sjukepleier og fastlegen vår er informert.

Eg har blitt god på sikkerheitsnett. Og kan det trygge døtra mi så er det det viktigaste.”

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s