Tanker på ein søndag…..

Kva kan vere årsak til ”Psykose”, ”Bipolar” og ”Schizofreni”? –Og kan dette fenomenet medisinerast?

For meg er diagnoser ein beskrivelse av symptom jamf. ICD. (Internasjonal klassifisering av diagnoser) Kan ein psykiater eigentlig forstå korleis pasienten har det? Eller gjer psykiater pasienten til eit  objekt? Mitt ønske er å bli møtt med ei fenomenologisk tilnærming der eg er subjekt i eige liv. Eg har særlig behov for dette i krise.

 Symptom som uttrykk for mestringsstrategier.

Mestringsstrategier som kan forståast ut frå ei psykodynamisk tilnærming. I psykiatrien i dag er det faglig korrekt med ei tilnærminga ut frå ein biopsykososial modell.  I akuttpsykiatrien står ofte den biomedisinske tilnærminga sterkare enn det psykologiske/sosialfaglige.

Eg står faglig støtt i ei humanistisk tilnærming i faget, tufta på ein psykodynamisk forståelse. I møtet med pasienter jobber eg ut frå ei fenomenologisk tilnærming til pasienten der relasjon og kunnskap er mine redskap for å skape forståelse i pasienten.

 Min kompetanse har eg erverva over år. Psykolog Bjarte Rekdal, forfatter av boka ”Det umedvitne språket” var min lærer, livberande  relasjon og psykolog i Volda då eg gjekk Barnevernspedagogstudiet. Mitt største iatrogene traume har eg frå innleggelse i psykiatrien i 1989.  Han tok meg mellom anna med til ”Lacan si verd” i Frankrike i 1990. (Studietur til institusjonen Bonneuil i Paris; for meg den første medikamentfrie institusjonen for barn og unge. Dette har prega meg og gitt meg styrke i mine valg)  I avsluttande oppgåve skreiv eg om utvikling av forsvarsmekanismer knytta til barnet sin alder, med utgangspunkt i Anna Freud sin teori. Ved avsluttende oppgåve v/Spesialpedagogikk 2. avdeling i 1998 hadde eg fokus på korleis ein kan tilrettelegge for at små barn internaliserer og slik gradvis utvikler seg mot eit integrert ”selv” i alderen 0-3 år. I juni i 2019 vart eg godkjent Traumeterapeut IoPT. Oppgåva har tittelen ”Det vesle barnet” Gjennom Franz Ruppert sin teori har eg funne det verdifulle at han tek med tida frå unnfangelsen, tida i mor sitt liv. Han har og fokus på generasjonsoverførte traumer. For meg har dette vore vesentlig for å finne forståelse i meg.

Kan ei grundig utviklingsanamnese/traumebiografi frå unnfangelse til ca 3 år i samarbeid med pasient og pårørende/mor skape forståelse og endring i pasienten?

Kan traumatiserende hendingar hos mor eller hos barnet i det førspråklige stadiet vere årsak til sårbarheit som voksen dersom ein i krise -som voksen, kjem i kontakt med språklause traumatiserende kjensler frå tidlig fase, frå 0 til 3 år?

Min erkjennelse er at sorg og frykt kan gjere at eg ”forsvinner” inn i ”forvirring” som ein mestringsstrategi. Gjennom eigen terapi i prosess ved Institutt for traumearbeid IoPT Oslo i videreutdanning over to år, har eg funne forståelse i at der er ein samanheng mellom kjensler svært tidlig i livet mitt og mi sårbarheit som voksen.  Eg mista morfar då eg var sju måneder i mors liv, med alt det innebar.

Mi undring er om dette er nøkkelen for å forstå? Kan sårbarheita vår handle om opplevinger i det førspråklige stadiet i mor og/eller i barnet? I krise ser eg i eit bildespråk, og eg ”ser” og ved kjensler og intuisjon. Orda kan vere vanskelig å finne for å beskrive denne røyndomen.

Korleis blir dette perspektivet ivareteke i akuttpsykiatrien i dag?

NORMENT: Norsk senter for forskning på mentale lidelser er langt på veg det senteret som legg premiss og er leverandører for ei biomedisinsk tilnærming til faget i Norge. Frå heimesida til Norment kan ein lese:

”Det overordnede målet med forskningen ved NORMENT er å finne svar på hvorfor noen mennesker utvikler alvorlige psykiske lidelser.”  Dei har fire underpunkt: Genetikk, hjerneavbildning, sjukdomsutvikling og klinisk intervensjon. Den siste er fulgt opp med eit bilde av medikament/tabletter.

For meg står forskninga til NORMENT for ei tilnærming som gir lite håp for meg og for komande generasjoner. Ut frå eit kvinneperspektiv og med den erfaring og fagkunnskap eg har aksepterer eg ikkje tilnærminga til NORMENT. Genetikk/Hjerneavbildning/Sjukdomsutvikling og Medikament er i tråd med den biomedisinske tilnærminga frå ei anna tid, då menn eigde språket og forståelsen.  Det er ei objektiviserande tilnærming som vi pasientane har fått nok av.

Arnulf Kolstad m/fleire

I boka ”Grunnlagsproblemer i vitenskapene om mennesket”i artikkelen til Arnulf Kolstad ”Ny kunnskap om hjernen og genene –konsekvenser for behandling av psykiske lidelser” slår Kolstad fast at teorien om kjemisk ubalanse i hjernen er tilbakevist. Om genetiske faktorer skriver Kolstad at gener og miljø samhandler på alle trinn i hjernens utvikling. Genene sitt bidrag til hjerna og bevisstheita si utvikling opererer ikkje uavhengig av miljøet. Han skriver:

”Det eksterne miljøet, så vel som det interne kroppsmiljøet med for eksempel hormoner, påvirker hvilke av de titusener av gener som aktiveres, hvilken funksjon de har, og hvordan de derfor skal påvirke dannelsen av blant annet det nevrologiske nettverket i hjernen. Generelt sett har genene stor innflytelse på dannelsen av hjernecellene og for koblinger mellom dem i svangerskapsperioden. Denne grunnleggende strukturen representerer de ´lavere instinktive funksjonene´ som mennesket deler med andre dyr, og før de nevrale nettverkene for språk og utvikling er fullt utviklet. Erfaring og annen ytre påvirkning fra miljøet bidrar til å finjustere koblingene, tilpasse seg det spesifikke miljøet (Geografisk, kulturelt, sosialt) og etablere språkfunksjonen.” (Grunnlagsproblemer i vitenskapene om mennesket, Kolstad s. 51-52)

Anne Luise Kirkengen/Ane Brandtzæg Næss med boka ”Hvordan krenkede barn blir syke voksne”, og Franz Ruppert sin teori og forfatterskap bygger opp under det Kolstad skriv. Korleis mennesket reagerer i ei livskrise kan vere ulik ut frå mennesket sine erfaringer, kva integritet (intakt, usåret, udelt) den enkelte har. (Kirkengen sin definisjon av integritet) Dette er ikkje ny kunnskap men ein viktig faktor å ta med inn i ei humanistisk og fenomenologisk tilnærming.

Svært mange pasienter i psykisk helsevern har opplevd seksuelle overgrep. Men er dette årsak til diagnosene psykose, bipolar og schizofreni? ? For meg blir dette ei for grunn årsaksforklaring? -Mitt spørsmål er kva skjedde før misbruket? Korleis var tilknytninga og alt det vi veit det vesle barnet har behov for frå unnfangelsen? Før overgrepa?

Det å knytte tidlige opplevinger 0-3 år –det vi sansa, opp mot kjensler som var der ved inngangen til krise som voksen –og ilag med pasient og pårørende vurdere om der er ein samanheng opplever vi sjelden i akuttpsykiatrien i dag.

Håpet.

Bjarte Rekdal med boka ”Det umedvitne språket” forsto dette på eit ut frå ein psykodynamisk tradisjon.  Han sa at vi som pasienter har eit valg.

Professor Franz Ruppert sin teori bygger på ei psykodynamisk tilnærming. Den har fokus på barnet frå tilblivelsen i si tilnærming. Var barnet ønska, elska og beskytta er grunnleggende i forståelsen for kven vi er. I prosess jobber vi mykje med ”Eg” og ”Vil”. Og som voksen kan vi –berre vi; ønske, elske og beskytte det vesle barnet vi eingong var. Korleis var tida i mors liv, fødsel? Korleis var symbiosa med mor, og korleis danna vi eit ”eg” i spegelstadiet. Kva forma viljen vår? Kva forutsetningar har vi? Kva familietradisjoner har vi, er vi fødde inn i familietraumer/generasjonsoverførte traumer, -og korleis har dette prega oss? Gjennom prosess og forståelse for barn sine behov kan vi få ein forståelse for kvifor vi har valgt våre mestringsstrategier i overlevelse. Kvifor og korleis  har vi utvikla ein traumebiografi?

Målet med Franz Ruppert sin teori og metode er å gi redskap for forståelse slik at vi kan stå i våre sunne deler.

Mestringsstrategien min var eit bildespråk, intuisjon og sansing i krise. Det var vanskelig å finne språket for å formidle det som kom. Min tanke er at det knytta meg til ei tid/opplevinger før språket. Ein regresjon i kjenslelivet til tida før språket, samstundes som vi er prega av alt det vi har opplevd i livet vårt. Vi kan og har direkte regresjon tilbake til bestemte hendingar.

I møte med pasienter og pårørende finn vi ofte eit kjernetraume som gjev gjenklang i pasienten sin forståelse.  Mi tru er at det er hit vi må ta med pasienten for å gjere heil.

Det som går i mor går i barnet. I den første fasa etter fødsel er barnet i symbiose med mor. Før det gradvis danner eit ”jeg”, og internaliserer det som blir seg.

Tradisjonelt er vi redde for å ”støte” mor. I mi tilnærming med IoPT har eg to gonger holdt foredrag til pårørende av psykiatriske pasienter. Der eg stiller spørsmål: Korleis var graviditeten, fødsel og tida etterpå. Eg blir ”overfalt” av mødre etter foredraget som ønsker å formidle, og dei har alle uten unntak spørsmål i seg om kvifor psykiatrien aldri har spurt dei om dette. Dette handler ikkje om legge skuld på nokon, men eit genuint ønske om å søke forståelse for å finne rom for endring i pasienten.

Diagnosene er for meg ei samling symptom ut frå ein biomedisinsk tankegang. Mi tru er at det som skjer inni pasienten er individuelt ut frå kva pasienten har internalisert i seg, kva opplevinger pasienten har og i kva kontekst fenomenet oppstår.  Vi må undre oss. Kven er eg, kva er historia mi, kan eg finne forståelse for å gjere endring? Dette tek tid, kan involvere pårørende/mor og gi pasienten autonomien tilbake!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s