I går streika mange ungdommer for klimaet. I 1988, då eg vart innlagt i psykiatrien første gong, var eg sjølv aktiv i høve til klima og fattigdomsproblematikk. Eg hadde lest Brundtland kommisjonen sin rapport (1987), samt ei bok om Nord –Sør konflikten m.m.. Eg og medstudenter skipa til folkemøte i Volda. Dette var eit debatt møte mellom Annette Thommessen i NOAS (Norsk organisasjon for asylsøkere) og Harald Trefall i FMI (Folkebevegelsen mot innvandring). Dette vart eit stort møte, og vi vart filma og omtalt i Dagsrevyen. Eg var student og det ein kan kalle ei politisk bevisst rødstrømpe.
I 1988 vart eg tvangsinnlagt. Eg var inne ei veke rett før jul. Var heime i jula, deretter var eg tvangsinnlagt i tett på 6 måneder. Eg vart hardt medisinert, og for meg er helvete på jorda der eg var då.
-Men det er ikkje dette eg vil ha fokus på i dag. Eg vil fortelle kva eg såg og fortalde om i høve til flyktningkrisa; i 1989.
Dei biomedisinske sakkunnige beskriver mine syn og mine kjensler som psykose. Eg veit ikkje korleis eg skal beskrive det, men eg ser i bilder, -og eg prater ut frå bilder og kjensler når eg er aktivert. Syna mine kan fare vide, men eg er bevisst på kvar eg er. Eg veit at eg er innesperra bak tjukke murer og bak låste dører. Nokre gonger har eg tenkt at eg kanskje fekk sjå så mykje på kort tid at eg vart overvelda og redde? Særskilt i 1989, eg var ung. Men om det er slik, kvar kjem då dette ifrå? Eg vil gjerne skjermast når eg er aktivert –Eg ønsker då ro, -Få rom til å prate/skrive frå meg -Og eg trenger hjelp til å sove. Eg har aldri hatt og kjem aldri til å få nytte av nevroleptika. Nevroleptika dreper meg og kreativiteten min. Nevroleptika stenger meg inne, og då finn eg ikkje vegen tilbake til livet.
I 1989 gjekk eg fram og tilbake i korridoren på lukket avdeling, i fleire døgn. Eg hadde på meg ein kvite sko, og ein svart sko for dei fattige i verda. Eg formidla at eg gjekk på ei grense mellom nord og sør. Eg såg mennesker kome i hopetall mot oss i nord og vest, frå sør og øst. Eg sa at dei kom over land og over sjø. Eg såg dei som ei bølge med mennesker i sjøen og på land. Eg snakka om katastrofe. Eg fortalde at eg kjente på sinnet dei bar, som dei har bore i generasjoner. Eg fortalde at dei er sinte på oss og vår velstand, medan dei er utarma og svoltne. Eg viste til Brundtland kommisjonen sin rapport som handla både om klima og om fattigdomsproblematikk. Eg sa vi måtte handle. Men det er syna eg hadde og kjenslene eg kjende som aldri har forsvunne for meg. For meg var det ei tung bør, og på ramme alvor. -Men eg var innesperra og pr. definisjon gal.
Dette er berre eit eksempel frå mi rikholdige imaginære skattekiste. Eg vil dele meir, eg har mange eksempel som kan knyttast til ei virkeligheit som kom, eller som har vore –som eg ikkje kjente til.
Korleis kan dette skje? Er det telepati? På denne tida var eg på ein stor sentralinstitusjon der mange hadde bodd i fleire tiår. Svært mange av dei var interessante mennesker med mykje kunnskap. Vi var samla på eit lite område. Sjølv leste eg Jung, Sartre, Nietzsche –og Kafka prosessen for å prøve å forstå medan eg var innlagt. Eg prøvde forøvrig å lufte teorien min om telepati med psykiateren min: Han lurte på om eg såg om han hadde antenner –før han medisinerte meg nesten sønder og sammen.
-Eller kan ein vere sensitiv og fange opp tidligare og komande hendinger? Og er dette sjukdom slik det biomedisinske hegemoniet forstår det? Eller er det naturlig?
Er det farlig, skadelig? Det er som å drøyme i våken tilstand. Å drøyme er ikkje farlig…. Men det er vanskelig å forstå. Og det passer ikkje inn i ei naturvitenskapelig biomedisinsk årsaksforklaring. Ei forklaring som er tufta på ein patriarkalsk medisinsk tilnærming til mennesket i psykiatrien -mennesket i krise. Men det er kanskje bedre å bli tvangsmedisinert å dø sakte versus å bli brent på bålet?
Blir vi som pasienter pressa lenger inn i denne drøymetilværelsen (”psykosa”) fordi isolat, tvangsmedisinering og beltelegging gjer vondt? Kva med å møte oss med undring? Med respekt for vår subjektive verden? Kanskje har vår verden eit spor ein kan følge til det virkelige livet til pasienten:
Historia mi om flyktningkrisa frå 1989, dei sterke bilda eg såg og kjenslene eg hadde, kan ha samanheng med at eg i 1987/88 var aktiv i høve til flyktninger/asylsøkere og opptatt av Brundtland sitt arbeid? -Akkurat slik vi alle kan drøyme om ubearbeida hendelser om natta frå dagen før? Det eg etterlyser er undringa? Ikkje alle passer inn i prosedyrer eller skjema. Eg har forøvrig mange diagnoser frå psykiatrien, men eg har aldri blitt utreda…. Eg er uansett berre meg, eg lever eit godt medikamentfritt liv.
Tirsdag skal eg på Dametur til Barcelona!
PS: Kanskje er det slik at politikarane og vi skal leite opp att kunnskapen til Brundtland kommisjonen frå 1987 og handle??? -Vi kan ikkje seie at vi ikkje har visst? Det går sørgelig seint. Hellas drukner i flykninger (Mennesker på flukt) og her sitter vi i våre trygge heimar på nisseberget lengst mot nord.
Mye å tenke over her. Tror at mye som oppfattes som psykiatriske ’tilfeller’ er forståelige reaksjoner på uforståelige erfaringer; det blir som en slags psykiske allergier eller intoleranser. Påvirker det psykiske immunforsvaret og setter det i alarmberedskap.
Ketil Lund, formann i Lundkommisjonen som tok for seg ulovlig politisk overvåking, vil sidestille dette med tvangsmedisinering og tvangsbehandling, og burde kvalifisere for erstatning.
LikerLikt av 1 person
Ja, Ketil Lund er ein klok mann! Takk for tilbakemelding -og til ettertanke for meg 🙂 Beste helsing Inger-Mari.
LikerLiker