The Silver Bear

Eit underlig navn på ein blogg av ei norsk kvinne på 54 år. Eg hadde kanskje hatt fleire følgere om eg brukte mitt eige navn? Jaja, men no er ikkje poenget mitt å få så mange følgere, Men å ta vare på undringa, og å prøve å beskrive litt av det psykiaterane klassifiserer som psykose, bipolar lidelse og andre diagnoser. Eg har heile 7-8 diagnoser frå psykiatrien. Men dei har aldri utreda meg, aldri spurt meg kven eg er. Dei har sett på symptoma mine, som om eg skulle vore ein sirkusartist i ei forestilling. Eit objekt. Vurdert meg og bestemt seg for kva diagnose som passer. Det er nok derfor eg har så mange diagnoser og; -eg har møtt mange ulike psykiatere frå mange nasjoner over ei periode på 30 år. Psykiatri er ein lite presis kunnskap, og vi pasientene er ofte prisgitt psykiatere med eit biomedisinsk kunnskapssyn, basert på naturvitenskap, på sjukdomsmodellen.

Ei Dame som meg kjem då til kort…. Eg trur på den gode relasjonen som redskap og forståelsen som metode. Behandling i form av samtaleterapi med psykiatere har eg aldri fått, dei har gitt meg tvangsmedisinering og isolat. Eg har kjøpt privat behandling i etterkant av innleggelsane av dyktige psykologer. Kosta på meg utdanning som traumeterapeut. (Som student var kravet at vi måtte gå i eigen terapi, noko eg hadde behov for.) Eg er traumatisert av tvangsmedisinering og isolat. Dei 7-8 diagnosene frå psykiatrien har eg ikkje eit forhold til. PTSD (Post traumatisk stress disorder/lidelse) er ein konsekvens av behandlinga eg har fått. Den diagnosa er gitt av psykolog på utsida, og den kan eg relatere meg til. Men det kunne dessverre ikkje psykiaterane eg møtte i 2014 og 16. Eg forsøkte å drøfte min PTSD med dei. Overlegen lova meg at om eg vart innlagt igjen, så vil eg bli møtt med sprøyter/tvangsmedisinering/isolat –og med trussel om belteseng. (Alt dette opplevde eg i 2016, i tre måneder) Overlegen trur ikkje på min PTSD. Dette gjer at eg mest trulig aldri vil kunne slappe heilt av i livet mitt. Eg er i konstant beredskap. -Fordi eg er så redd sprøytene med Nevroleptika: Eg trur eg skal døy for kvar sprøyte. –Eg har overlevd mange slike dødsøyeblikk. Overmedisinering er grusomt vondt, noko eg har vore utsett for tre gonger i livet. I tillegg gjer Nevroleptikaen at eg mister meg sjølv. Eg har bråsepponert/kutta ut medisin kvar gong dei slepper meg ut. Eg veit då at eg må ha minst seks måneder med ro, for å finne tilbake til meg sjølv….

Nevroleptika er rottegift både for hjerne og kropp… Når min PTSD blomstrar og eg er i beredskap, kan eg bli ukritisk og irrasjonell. Men eg er først og fremst veldig, veldig redd. Eg er då i overlevelse, ikkje i mine sunne deler. (Jamf. FIG. 1 Franz Ruppert, IoPT, du kan søke opp IoPT.no for å lese meir om dette.) Rasjonelle meg, veit at dei ikkje vil drepe meg no. Men når først politiet kjem, deretter sprøytene hjelper ikkje det. Eg blir desperat, eg får dødsangst. Eg blir retraumatisert. Frå 1989 har eg samalikna mine traumer/mitt reaksjonsmønster med det eg har møtt hos FN-Veteraner/Krigsskadde. –Vi sender ikkje ein FN-Veteran tilbake til krigen for at vedkomande skal bli fri for sin PTSD?

-Men tilbake til poenget i dag: Kvifor kaller eg bloggen min The Silver Bear? Ja det er ei historie som skaper undring i meg. Eg var innlagt i 1988 og 89. Då vart grunnlaget for min PTSD lagt. Hausten 1990 kom ein person til meg og fortalde meg at eg burde lære å Gande. Det hadde vedkomande blitt fortalt frå den gamle i si familie. Å Gande er ifølge det store internettet å sette vondt på ein annen. Dette er ikkje noko ein skal/bør gjere. Eg fekk lære korleis. Eg fekk og lære å ha respekt for Ganden. Eg har Ganda ein gong i livet for å berge livet. Takk til den slekta som lærte meg.

I 1991 vart eg på ny innlagt i den lukka psykiatrien. Eg møtte den psykiateren som ødela meg i 1988/89. Han var for meg ein farlig mann, -ein slange….. Han hadde smale stikkande auger, og ut frå min forståelse, ingen empati. Eg var livredd. Han var igjen min behandler. Ein dag kom han ilag med overlegen og oversjukepleier gående gjennom korridoren i avdelinga. Eg kom gående imot. Då Ganda eg han. Eg avslutta med orda: MI KRAFT OG MIN STYRKE HAR EG FRÅ SVARTA BJØRN. Eg kjente på krafta til Svarta Bjørn. Men eg hadde då ikkje noko forhold til henne… Eg forsto ikkje kvifor eg avslutta slik. Like etter gandinga fekk eg ny psykiater. Den nye, ilag med psykiaterane eg møtte i Tromsø i 1994 har gjort at eg har våga å leve til tross for at norsk psykiatri er farlig. Takk.

Mange år seinare deltok eg på eit introkurs i slektsgransking. Dette var i 2013. Min farfar har ikkje mi familie hatt kontakt med. Eg visste i 1991 at han var frå Sortland, eg kjente til navnet og kor han hadde bodd som voksen. Eg valgte han som objekt for mi gransking på introkurset, då resten av slekta er rimelig granska på begge sider… Eg fant ut at han var fødd i Gällivare, Malmberget i Sverige –samtidig som Svarta Bjørn var der…. Han vokste opp med sin onkel på Sortland. Eg tok kontakt med ein lokal historiker på Sortland. Eg leste lokalhistorie derfrå, og eg fann bilde av onkelen til farfar og eg fann informasjon om slekta. Min far fekk denne informasjonen før han døde. Lokalhistorikeren fortalde meg at hans far visste kven Svarta Bjørn var, men han hadde dessverre aldri spurt sin far om dette.

For meg er dette underlig. Kan mi oldemor vore Svarta Bjørn? Er det feil at det er Anna fra Narvik som er Svarta Bjørn? (Min tanke er at ho ser altfor ung og altfor snill ut. Eg har eit fotografi frå Gällivare av ei kvinne. Det er mest trulig ikkje Anna frå Narvik, men kan det vere mi Oldemor?) -Ein dag vil eg nok reise til Gällivare, for å sjå om eg kan finne fleire spor etter mi oldemor. Og for å forstå det livet ho levde der. Uansett kven ho var, så var ho nok ei sterk, tøff kvinne. Det måtte ho vere for å overleve i det samfunnet som var der, den gong då. Og den arven bere eg med stoltheit. Eg er og ei sterk flott kvinne som har overlevd Norsk Psykiatri frå 1988 til 2016! –Med vitet i behold! Den styrken mi Oldemor måtte ha hatt, den styrken eg har, er grunnen til navnet på min blogg: The Silver Bear. –Og dåpskorset mitt var sølv…

Eg har mange flotte kvinner i slekta. Men denne historia om ”mi” Svarta Bjørn er det lov å undre seg over? Kan vi arve meir enn utsjåande? Kan vi arve historier på eit ubevisst plan? Eit familiemønster vi ikkje visste om? Det eg veit med sikkerheit er at Svarta Bjørn aldri har vore tematisert i mi familie før i 2013, då mellom meg og min far. Nei fuglane veit; eg har lest Jung, Kohut, Lacan, Freud, B. Rekdal og mykje meir for å prøve å forstå… -Men kanskje er det ikkje slik at vi skal forstå alt, kanskje skal vi gi rom for undringa? Akseptere at det ikkje er alt vi kan forklare? Eg liker den tanken. Biologisk naturvitenskaplige retta psykiatere aksepterer ikkje rom for undringa, er mi erfaring. Dei vil Forklare, Diagnostisere og Medisinere meg –uten mi innblanding. -Eg vil undre meg og leite etter svar…. Prøve å finne ein forståelse i meg. Det er mitt liv. Eg har eit humanistisk grunnsyn på mennesket, eg finn det meir spennende! –Og for meg, og mange med meg: mindre farlig! Møt meg som pasient med respekt. Svaret har pasienten, det er i pasienten. Men då må du vere lyttende, vere ein god gartner som sørger for at pasienten kan blomstre…

Takk for at DU leste, god Søndag, god veke!

2 kommentarer om “The Silver Bear

Legg igjen en kommentar